Klondyke-stemning langs Norges kyst!

Denne veka har Norges Vel deltatt på to konferansar med innlegg om dyrking av makroalgar. Først ut var eit seminar i Flekkefjord der Lister Nyskaping sto bak invitasjonen. 40 personar hadde møtt opp i den koselege sørlandsbyen Flekkefjord og det var mange forventningar til dagens tema.

Blant deltakarane var både ordførarar, næringssjefar, dyrkarar, forvaltning og forsking. Seminaret vart opna av Jan Sigbjørnsen, ordførar i Flekkefjord kommune som ser positivt på den nye havbruksnæringa og ser for seg at det kan bli denne delen av landet sitt oljeeventyr. Det blir i alle fall ikkje eit oljeeventyr over natta, om potensielle dyrkarar må vente like lenge som Seaweed Production måtte, 2,5 år tok behandlinga av konsesjonssøknaden. Men personane bak var full av pågangsmot og skrytte av Farsund kommune som nok er landets første med ein arealplan for taredyrking. Men, no var dei i gong, og vi fekk på slutten av dagen smake på sukker- og butaren dei har dyrka, samt helse på rognkjeksen som dei produserer.

Kongstanken til Ocean Forest er å kombinere lakseoppdrett med dyrking av blåskjel og tare, det såkalla IMTA prinsippet (integrert multitrofisk akvakultur). Der artar som tare og blåskjel drar nytte av næringssalt frå lakseoppdrett. Utfordringa per no er å få løyve frå myndigheiter til å ha slike anlegg. Sveier frå Ocean Forest streka under kor viktig det er med samarbeid om ein skal lukkast med å bygge ei ny havbruksnæring. Hortimare er lokalisert i Solund, og tar seg av fasen før taren blir satt i sjø. Dei driver også med avl, og har hatt gode resultat med å ensilere taren for å oppbevare den til seinare bruk. Dei har eit spennande prosjekt saman med Cargill som heiter Macro Cascade.

Å få til synergiar mellom ulike bransjar er bra! CoreMarine har etablert seg for å m.a. bidra med kompetanse frå oljebransjen inn mot havbruk, spennande!

Søknadsprosessen for å få konsesjon for dyrking er ein krevjande prosess for ein ivrig dyrkar. Då må ein ha ein god dose med tolmod. Fiskeridirektoratet forklarte gangen i ein søknadsprosess og fylkesmannen vil gjerne ha meir tydelege føringar frå departementet slik at ein oppnår ein likebehandling i heile landet. Då dette er relativt nytt i Norge er ting litt uklart og det er ein del som må på plass før ting blir effektivt. Samstundes må ein ha forståing for ei stor forventing når politikarar snakkar varmt om å hauste meir frå havet og legger fram strategiar der dyrking av makroalgar spesielt er nemnt.

Frå vårlege Sørlandet til vinterlege Nord-Norge. I Tana var vel 50 deltakarar møtt opp på oppstartskonferansen «

Algeproduksjon i Barentsregionen». Der m.a. haventusiast Kåre Breivik frå Barents Seaweed står bak invitasjonen. Her var det fullt dagsprogram med innlegg om FoU-behov, moglegheiter, verkemiddelapparat, departement og erfaringar så langt, samt debatt og involvering av publikum.

Vi kan vel trygt slå fast at det er ein «Klondyke-stemning» langs vår langstrakte kyst. Det er godt å registrere stor glød og optimisme, samstundes må ein ikkje bli for ivrig å tru at dette er ein rask veg til lette pengar. Per no er det mange uløyste spørsmål og problemstilling, men, det er ingen tvil om at potensialet for ei ny havbruksnæring i Norge er til stade om ein gjer ting i riktig rekkefølge. Samarbeid, tolmod og realisme er viktige nøkkelord.

RECENT POST
  • Facebook Social Icon