Stor suksess med nettverk!

I eit skiftande Vestlandsver finn eg fram til den store murkolossen i Bergen by der Hordaland fylkeskommune held hus. I 12. etasje har Siri Hanson og Inge Døskeland kontor, i regionalavdelinga, seksjon for næring og lokalsamfunnsutvikling. Dei har jobba side om side i 20 år med det meste innan marin sektor. Alt ifrå torsk, kveite, laks, kråkebollar, teppeskjel, oppdrett på land, østers og no tare. Siri er marinbiolog frå Uib og Inge har master i biologi. Begge har erfaring frå røkting av ymse marine artar. Fylkeskommunane er eit mangfaldig apparat, som skal legge til rette for at gryande næringar skal få ein sjanse til å utvikle seg til berekraftige næringar. Siri og Inge har naturleg nok fokus på Hordaland, men, dei har eit tett samarbeid med dei andre fylkeskommunane på vestlandet, som er soleis bra koordinert på fleire områder.

I dag har fylkeskommunen ingen detaljert marin strategi, no tenker dei meir «crossover», mot fleire sektorar, og utvikling av sterke nettverk står sterkt. Hordaland er det fylke som har utvikla dei mest vellykka bedriftsnettverka. Det lover godt for Taredyrkarnettverket, som på sitt andre år, blir støtta av fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Siri og Inge har tru på nettverk. Men, nettverket må bestå av aktørar med ambisjonar. Ein kan ikkje ha eit nettverk for nettverkets skyld. Ein må jobbe saman mot marknaden, og nettverket bør bestå av både små og store aktørar som utfyller kvarandre med ulike erfaringar, bidrag og tyngde. – Å starte som ny og liten aktør i havbruksnæringa er ikkje for kven som helst, å ha erfaring eller ha med seg nokon med erfaring er vesentleg seier Inge. - Ikkje minst må ein få med seg investorar, skyter Siri inn. Pengar kan ein kanskje ikkje få nok av når ein går i gong med noko nytt, og spesielt ikkje innan havbruk der biologi er ein faktor ein ikkje alltid har kontroll på. Tolmodig kapital er viktig.

Fylkeskommunen finansierer sjeldan noko 100 %. Dei er med på å delfinansiere gjennom ulike verkemidlar.

Ei kort oversikt over dei viktigaste verkemidla og oppgåvene til fylkeskommunen:

I Handlingsplan for næringsutvikling i Hordaland er det lagt vekt på tre områder under Marin sektor:

  • Stimulere til utvikling av blå bioøkonomi og ein berekraftig marin sektor i hele verdikjeda.

  • Sikre næringa areal for berekraftig vekst og utvikling.

  • Samarbeid om marin næringsutvikling på Vestlandet

Inge streka under at dette er eit komplekst kart, så det enklaste var å ta kontakt med næringsavdelinga i din fylkeskommune, så vil du få hjelp.

Når det gjelder magefølelsen for taredyrkarnæringa er dei meir flakkande. Det er ein tidleg fase og vanskeleg å spå noko no. Samarbeid er eit utruleg viktig stikkord. Når det gjelder volumprodukt, som taren truleg er i kategori som, så må ein gjere alt riktig. Då må alle ledd i verdikjeda vere på plass og fungere. Ein har nok ikkje mange forsøk når det gjeld marknaden. Erfaringa frå blåskjel var at det vart bråstopp for mange når ein prøvde seg på den europeiske marknaden, mykje grunna for liten marknadsinnsikt, dårleg logistikk og manglande kunnskap om blåskjel som art. Her må ein kjenne sitt produkt i alle ledd. Det er ein skikkeleg balansekunst å kaste seg inn i dette. Ein skal som dyrkar vere med på FoU-prosjekt, ein skal ha kontroll på produksjonen, ein skal forstå biologien, kapital må ein ha, og så skal ein få produktet like bra heilt ut til kunden. Ein skal gjerne starte å selje noko, mens ein har forsking- og utviklingsprosjekt gåande. Då gjeld det å trø på dei rette steinane.

Dei blåskjel-aktørane som framleis eksisterer i Norge la stein på stein. Dei fokuserte m.a. på heimemarknaden. Dette trur Inge og Siri er viktig å gjere parallelt som ein jobbar mot andre marknadar som kan ta meir volum.

Fylkeskommunen som næringsutviklingsaktør er som regel med i ein tidleg fase, før Innovasjon Norge «tar over». Innovasjon Norge er den bedriftsretta aktøren i verkemiddelapparatet. Når Inge og Siri skal trekke fram nokre suksessar så peiker dei på fleire vellykka bedriftsnettverk og spesielt Smak av Kysten. Og så har dei stor tru på oppdrett av kråkebollar, som er i vinden for tida.

Som ei kort oppsummering og råd frå fylkeskommunen: Bygg bedrifta opp gradvis, jobb med heimemarknaden, ha ein god kopling mellom FoU, få med investorar, samarbeid og bygg alliansar med dei som allereie er i næringa og som har god erfaring.

Kontakt Siri Hanson eller Inge Døskeland om du har spørsmål kring fylkeskommunen sine ordningar.

RECENT POST
  • Facebook Social Icon