Jakten på morplanta.


Joar André Vasstein er ein av fleire entreprenørar langs kysten som har planar om å starte med dyrking av tare. Han kjem frå Harøya, ei øy utanfor Ålesund og er soleis vant med sjø og havbruk. Han har alltid vore opptatt av kva som skjer under havet og liker arbeid som er relatert til havet. Etter at jobben i Nordsjøen vart borte funderte Joar André ei stund på kva han no skulle ta seg til. Han har alltid drøymt om å starte for seg sjølv, og etter å ha lest om dyrking av makroalgar på nettet samt henta inn informasjon av ulike aktørar vart han sikker i sin sak. Dyrking av tare vart valet.

Saman med Renate Bøe, som er Joar André sin sambuar, har dei starta selskapet Seaforest AS.

Renate Bø har bachelor i Biomarin Innovasjon og tar no ein Mastergrad i Marin Kystutvikling. Ho er styreleiar i selskapet. Joar André er sjølv maskinist og har bevisst samla ulik og naudsynt kompetanse til styret og bedrifta. Han har òg eit stor nettverk med mykje ulik kompetanse som er villig til å stille opp under oppstarten av selskapet. – Når eg først skal ta steget ut og starte for meg sjølv vil eg gjere noko som eg har interesse for, då er sjansen for å lykkast større, seier Joar André.

Tanken om å starte opp med dyrking av makroalgar fekk han i november i fjor, då visste han ingenting om tare. Etter mange undersøkingar så bestemte han seg for å satse og no er det ingen veg tilbake. Søknad om konsesjon er sendt og ulike samarbeid er inngått. Han har vore på besøk hos Seaweed AS på Værlandet og fått mange gode råd, Hortimare vil levere kimplanter. Morplante frå Sukkertare er sendt til Hortimare, og Joar André jaktar no på eit godt eksemplar av Butare som han vil sende til Hortimare.

Konsesjonen dei søkjer om er på 100 dekar. Dei vil dyrke på 10 dekar i starten. Ambisjonane er store og Joar André meiner at ein må satse internasjonalt. Asia er ein spennande marknad. No mens dei venter på svar om konsesjonssøknaden jobbar dei mykje med marknaden. I første omgang tenker dei fersk og fryst tare, og kanskje tørka på sikt. – Vi vil oppsøke restaurantar på Sunnmøre, for å starte innsalet av produkta, og ein tur til Japan for å treffe aktuelle kundar står på agendaen.

For at næringa skal lykkast i Norge meiner Joar André at nøkkelen er samarbeid. - Ein må samarbeide om marknaden, ikkje holde ting hemmeleg. Dele på kunnskap og danne gode nettverk der ein kan kontakte kvarandre. Effektivisering av hausting, samt få til ein miljøvennleg og billig drift blir viktige faktorar for å få til ei god næring. - Ulike FoU-prosjekt er viktig, meiner Joar André som ønskjer å dyrke Søl og Havsalat på sikt om det lar seg gjere.

Etter å ha «vore» verfast i nokre dagar på jakta etter Butare så lykkast det Joar André å komme seg ut med snorkel og våtdrakt, samt få tatt eit passande bilete til Algenytt.no

RECENT POST
  • Facebook Social Icon