Med norsk tare til Kina


Ein liten delegasjon frå Vestlandet pakka tare i kofferten og tok turen til den store sjømatmessa i Kina, China Fishery Expo, i november i år.

China Fisheries & Seafood Expo vart etablert i 1996 og er den største i Asia. Med nær 30.000 besøkande, på 36.300 m2 og over 1500 utstillarar fordelt på 42 land er det litt av ein møteplass som møter ein langvegsfarande taredyrkar frå Vestlandet.

Innovasjon Norge inviterte med Austevoll Seaweed Farm og Tekslo Seafood, begge aktørar frå Hordaland. Austevoll Seaweed Farm dyrkar sukkertare og butare, mens Tekslo haustar vill tare av ulike artar. Dei hadde begge med tørka produkt som dei synte fram til nysgjerrige messedeltakarar og Austevoll Seaweed Farm hadde eigen stand på Innovasjon Norge sitt område.

Saman med Edvin og Christian Skår frå Austevoll Seaweed Farm var òg kokken og «tare-ekspert» Thomas Madsen.

- Thomas er særs kunnskapsrik kring alt om tare og kan formidle dette til publikum på ein heilt anna måte enn det vi klarar, seier Edvin Skår. Det er verdifullt å ha med ein tredjeperson som ikkje er relatert til sal, men som entusiastisk kan formidle alt det positive ved tare og produkta.

Delegasjonen frå Austevoll vart heilt overvelda over alt som møtte dei i Kina. – Den markante rikdommen vi opplevde var overraskande, det var ikkje akkurat hest og kjerre, men Rolls Roys og flotte dressar, seier Edvin. – Å vere med på møter var ein oppleving, enorme møtebord med eit bord oppå bordet kor det var alt av mat, verken kniv eller gaffel, og eigne tilsette som passa på at gjestane hadde nok å drikke. For to sindige sjeler frå øykommunen i Hordaland vart det ein heilt spesiell hendig.

Responsen frå messedeltakarane var òg overveldane. Frå time éin var det ein straum av interesserte som kom innom standen og smakte på produkta. – Vi opplevde ein vanvitig respons og ærlege tilbakemelding på produkta våre. I Kina er salt «ut», så kinesarane likte ikkje saltsmaken av taren, mens besøkande frå Japan og Indonesia likte den veldig godt. Dette varierte mykje mellom dei ulike regionane. I Kina «vaskar» dei taren for å få bort saltsmaken. Dette var nytt for Austevoll Seaweed Farm, og viktig informasjon med tanke på ein framtidig marknad. Over 15 møte med potensielle kundar fekk dei unnagjort i Qingdao og har hatt stor mail-korrespondanse i etterkant.

Edvin opplevde ikkje at Norge var ei merkenamn som ga noko ekstra hjelp blant dei Asiatiske aktørane. Det seier også marknadsrapportar, det er vanskeleg å oppnå ein høgare pris på produkta berre basert på at produktet er frå Norge. Når det gjelder design, innpakking og produktemballasje klarar ikkje produkt frå Norge å henge med. Ingen av norske produkt kom blant topp 10 når det gjelder kva kjende merkevarer som det asiatiske marknaden veit om og føretrekker. Her har Austevoll Seaweed Farm store ambisjonar, - Skal vi selje tare til Kina, skal produktet vere blant topp 10. Norge har mykje å gå på når det kjem til det å vere opptatt av innpakning.

Norge hevdar å ha den «reinaste» sjøen, men har vi det? Det var noko som Edvin fekk kommentarar og spørsmål om. Korleis kan vi vere så sikker på at sjøen er frisk og rein. Spesielt i dag med plastproblematikken er dette noko ein må ta på alvor, og vi må kunne gje ein dokumentasjon om vi skal hevde dette i marknadskommunikasjonen.

Delegasjonen frå Vestlandet var òg på bedriftsbesøk hos Bright Moon, Kinas største forskingssenter og produsentar av tareprodukt. Dei laga mellom anna ulike merkevarer til konsum, kosmetikk, jordforbetringsprodukt og legemidlar. Av legemidlar laga dei til dømes bandasjer, plaster, immunforsvarsstyrking, sårbehandling, fordøyelse- og fettforbrenningsprodukt. Tare kan bli brukt til så mangt!

Bright Moon bruker om lag 65.000 tonn tørka tare i året, og av det blir 70 % importert frå Chile.

Prisen på tareprodukt i Kina er særs ulikt det ein ser av pris på produkt i Noreg. Per i dag er produksjonen i Noreg liten og ikkje effektivisert. Arbeidskrafta er dyr, og produkta blir dermed dyrare enn det som kan produserast i Asia og haustast i Chile. Å finne ein nisje i den asiatiske marknaden med høg betalingsvilje kan vere lukrativt nok for ein taredyrkar i Noreg, då den asiatiske marknaden er stor.

Austevoll Seaweed Farm lærte mykje om den asiatiske marknaden gjennom deltakinga på sjømatmessa, dei er allereie klar for Seafood Expo Global i Brussel, og anbefaler andre å ta turen til slike viktige møteplassar, så det står att å sjå kva markand som endar opp med tare frå Austevoll til slutt.

Bilete tatt av Austevoll Seaweed Farm og Tekslo Seafood.

Austevoll Seaweed Farm AS vart etablert hausten 2013. Dei har gjennomført tre år gjennom eit FoU-prosjekt delfinansiert av Regionalt Forskingsfond Vest. Av partnarar har dei med seg SINTEF Fiskeri og Havbruk og mesterkokken Ørjan Johannessen. Dei produserte vel 50 tonn i år og har utvikla fleire tørka produkt.

RECENT POST
  • Facebook Social Icon