Kokkekamp i Austevoll


Nær 20 kokker var samla på Bakkasundet i Austevoll for å få auka kjennskap til makroalgar, tang og tare. Utgangspunktet er at denne ressursen er tilgjengeleg langs heile kysten vår, men få veit korleis dei skal ta den i bruk.

Etter å ha baksa rundt med våtdrakt og snorkel i fjæra, og kikka på den meir sofistikerte taren til Austevoll Seaweed Farm som blir dyrka på tau, vart fangsten tatt med inn til land for nærmare inspeksjon. Søl, havsalat, fingertare, svartkluft, butare og sjølvsagt sukkertare var noko av resultatet. Grisetangdokke, også kjent som trøffeltang, vart leita spesielt etter og en god porsjon vart funnen.

Vel i hamn fortalte forskar Arne Duinker frå Havforskingsinstituttet i kjent stil entusiastisk om dei ulike artane og korleis dei fungerer i matlaginga.

Før kokkekampen hadde sjefskokk Thomas Madsen og lærlingen Oliver Conan Sandik laget en fortreffelig fiskesuppe som resten av gjengen kunne varme seg på etter den noko kalde taresankingen. Suppa var nøye krydra med Austevoll Seaweed Farm sine tareprodukt, som gjer at smaken blir endå betre. Sandik, som er lærling hos Spiseriet Biologen sier han begynte å bruke tare på kjøkkenet for ca 1 år siden. – Det er ein veldig kul råvare med mykje uoppdaget potensiale. Sjølv bruker han det til å lage ein god «Dashi»-kraft, og gjerne som eit sprøtt element i rettane eller som innpakning av fisk. Han har tare, også på sitt eige kjøkken, ikkje berre på jobb.

Bård Huseby driver Fjærland Fjordstove hotell. Han deltok på workshopen saman med to av sine kokkar. Dette var hans og kokkane sitt første møte med tare. – Dette er noko eg har tenkt på lenge, å ta i bruk tare på kjøkenet. Hotellet vårt er lokalisert ved fjæra, og vi har såleis god tilgang på råvare. Han ønskjer å bruke tare som ein del av dei gode historiene ein kan få høyre når ein besøker Fjærland. – Eg ser for meg eit stort tareblad som kan henge ute og pirre nysgjerrigheita til gjestane, sier Huseby entusiastisk.

Arrangøren bak workshopen Smak av Kysten, Alexandra Krage Angell og Johan Henrik Kintzell Frøstrup, var strålande nøgd med dagen. – Dette fungerte særs bra, når ein samlar så mange dyktige kokker, så blir det bra. Dei er nysgjerrige og interessert i å teste ut nye råvarer, og tang og tare er særs aktuell som eit nytt innslag på kjøkkenet. Alexandra håpar også at kokkane utforskar fersk tare no i sesongen, og at ein ser dette igjen i restauranten.

Makroalgar er no kommen inn i sesongkalenderen til Smak av Kysten. – Det er eit viktig tiltak for å spreie kunnskap om dei ulike artane og auke tryggleiken for å kunne ta ein ny råvare i bruk, seier Alexandra Krage Angell.

Vertane i Austevoll, «team Austevoll», var samla og veldig nøgd med responsen på dagen. og ikkje minst resultatet av kokkekampen, ein velsmakande buffet med tare i alle rettane, det kan ein tareprodusent like.

Frå venstre: Christian Skår, Ørjan Johannessen, Edvin Skår, Thomas Madsen og Mia Kalve.

RECENT POST
  • Facebook Social Icon