Tid for å ta ein liten pust i bakken.

Etter 20 år som forskar i NIFES i avdelinga for trygg og sunn sjømat er Arne ein sentral person når det kjem til kunnskapsformidling av sjømat og spesielt innan skjel og makroalgar. Arne har ein doktorgrad innan kamskjelreproduksjon og forskar mellom anna på fysiologi hos skjell, algetoksiner i skjel, framandstoff i fisk og skalldyr, samt ein ivrig formidlar av sjømat frå fjæra. Etter at blåskjel ikkje nådde dei høgdene ein håpa på, ser ein no framveksten av ei ny næring, dyrking av makroalgar. Arne har vore tett på sidan starten av denne næringa og ein har fått ein god innsikt i kva taren inneheld av gode næringsstoff, og kva ein bør vere litt obs på. Norges Vel stakk innom kontoret til Arne Duinker for å ta ein liten prat om makroalgar.

Arne, har du bytta ut brokkolien med sukkertare? - Nei, den kjem i tillegg til dei andre grønsakene, og det blir nok ikkje kvar dag. Ved spesielle anledningar tar eg fram tare saman med anna sjømat. I fjæra er det naturleg å nytte seg av havets grønsak. Då lagar vi bål og har med wokpanne og grillrist, det å pakke sukkertare rundt fisk og grille er enkelt og smakfullt!

Kva er det som er så bra med å ete tang og tare? - Det smakar godt! Det er eit heilt nytt element i det norske kjøkken. Slike smakar finn ein ikkje maken til andre stader.

Men er det sunt? - Ein antar at det er sunt. Makroalgar (tang og tare) inneheld mange sunne stoffar, ingen anna matgruppe har så mykje mineral som tare og den har like mykje vitamin som grønsaker frå landjorda. Taren har mykje kostfiber med unike effektar, samt spesielle antioksidantar som ein trur er veldig bra for oss.

Wow – det er jo reine mirakelproduktet! - Tja, det kan ein ikkje sei med sikkerheit. Det er eit stort behov for meir forsking kring dette. Vi veit taren har utruleg mange gode mineral og andre stoffar, men vi veit ikkje kor mykje vi klarar å ta opp, altså nytte oss av. Sidan det ikkje er ein naturleg del av vårt kosthald i dag, vil vi nok ikkje klare å fordøye alt. Men her er det nok skilnader, hos t.d. kystsamfunn i Asia, der dei et makroalgar dagleg. Dette skal ein no sjå på, om det er ein samanheng mellom positive helseeffektar og eit høgt konsum av tare. Det er foreløpig mykje rykte og mykje synsing, vi i NIFES må sjå på det som er dokumentert og forska på.

Er det noko ein bør vere obs på i taren? - Først og fremst er det framandstoff ein må undersøke nærmare. Foreløpig veit ein lite om det er framandstoff som er skadeleg for oss, som blir tatt opp i kroppen. Dette har òg med mengde å gjere. Det er framandstoff i all mat, det kjem an på mengde. Makroalgar har eit høgt innhald av jod, ein er ikkje heilt sikker på korleis dette påverkar oss. I dag har befolkninga i Noreg og resten av Europa generelt mangel på jod, så tare kan vere eit viktig bidrag for å auke jodinntaket.

Det er vanskeleg for Arne å gje råd om kva mengde som er passe, sidan ein trenger meir kunnskap. Dette er også vanskeleg for Mattilsynet. Det er så langt ikkje dokumentert negative effektar der man har ete tare som mat om ein ser bort ifrå dei som har tatt kosttilskot i form av pillar kvar dag. Tare er veldig mettande, så det vil kanskje regulere seg sjølv. Men, ein viktig leveregel som gjelder for det meste, er ‘alt med måte’ og "et variert". Uansett, dette er eit viktig felt, der ein må få finansiert opp prosjekt slik at ein kan forske på dette.

Fleire og fleire av oss har fått augo opp for tang og tare. Dette gjelder også i Europa. Nokre stader i Frankrike og Storbritannia har dei større tradisjonar for å ete makroalgar i deler av befolkninga, men det er i dei siste åra at merksemda for dette matproduktet har auka blant folk generelt.

Dyrking av makroalgar kan bli ei ny og lønsam kystnæring. Arne har følgt med på dyrkinga og resultat so langt. Tenker du at dette kan det bli næring og arbeidsplassar av?

- Alt vi gjer som aukar bredda av sjømatproduksjon er bra. Vi har så mykje ressursar og brukar så lite av det. Europa er også heilt i pilotfasen når det gjelder dyrking, og dei ser til Noreg. Skal dette aukast opp og bli industri av må det skje i Noreg. Det er vi som har lang tradisjon innan havbruk, og ikkje minst den lange kysten.

Men, ser det lovande ut so langt? Tja… Arne lenar seg lenger bak på stolen. -Det er so tidleg endå at problema vil dukke opp. La oss få litt erfaring med dyrking og ordentleg oversikt over næringsinnhald og effekt og sjå kva som kjem. Det neste steget no må vere å få på plass gode data og undersøkingar på jod, for å kunne gje råd.

Eit godt råd frå Arne til dei som no vurderer å starte med dyrking av makroalgar er å ikkje tru at dette er enkelt. Du må ha ein god plan for heile verdikjeda og du må sette deg inn i alt som krevjast. Arne drar ein parallell til blåskjelnæringa. Ein av dei faktorane som var negativt for utviklinga var at alt for mange aktørar heiv seg på i starten med tru om at det var enkelt. La oss ikkje gjere den same feilen igjen. La oss no ta ein pust i bakken, la dei som er kommen i gang få ro til å bygge ein god grunnmur med kompetanse og erfaring før resten kommer.

Ein annan viktig faktor som Arne poengterer er at Noreg må vere tolmodig. Vi må tenke langsiktig. Det vil nok ta minst 10 år før ein startar å få realistiske erfaringar. «Blåskjelbølgen» varte i 10 år før det var slutt frå verkemiddelapparatet si side, og det var då alle så at kvalitet og kompetanse var den viktige faktoren som hadde mangla hos mange. Men då var det altså slutt. So vi må ikkje vere for utolmodige, og heller ikkje ha urealistiske forventningar om at dette skal bli eit nytt lakseeventyr og ein ny milliardnæring.

Arne meiner det er viktig å jobbe med heimemarknaden samtidig som ein eksporterer dei store voluma. Rundt år 2000 så ein stor vekst i heimemarknaden for blåskjel, mykje takka vere ein kampanje retta mot studentar. Så nærmarknaden skal ein ikkje undervurdere sjølv om den no er mikroskopisk.

Og apropos heimemarknad – Arne, kan du dele nokre gode tips kring matlaging med tare? - Gå i fjæra! Steik sukkertare, butare eller søl sprøtt i rapsolje og smak. Du vil kjenne den spesielle umamismaken! For dei litt meir vante ganer har eg ein favoritt frå boka Sesongmat. Mariner søl med lime, sukker og soya og legg på rå laks eller kamskjel. Eller, wok sopp og tare, det blir dobbelt umami, stråler Arne Duinker.

RECENT POST
  • Facebook Social Icon